10.06.2020

Branntryggleik på camping

Brann på campingplassen kan spreie seg raskt. Plasser campingvogna, teltet eller bubilen i god avstand frå naboane. Sjekk også at røykvarslaren fungerer der du skal sove.

Monter røykvarslar

Ein brann utviklar seg raskt i ei campingvogn eller eit telt og kvart sekund tel. Har du ein røykvarslar, aukar du sjansen for å redde deg ut i tide. Røykvarslarar bør monterast fast i campingvogner og bubilar. Hugs å bytte batteri og teste at røykvarslaren verkar før du legg ut på tur. I telt kan du bruke ein reiserøykvarslar. Det er lurt å ha ein kniv lett tilgjengeleg i teltet, så du raskt kan skjære deg ut dersom det byrjar å brenne.

Hugs brannsløkkingsapparatet

Brannsløkkingsapparat er påbode i alle campingvogner og bubilar. Sørg for at apparatet er lett tilgjengeleg og jamleg vert vedlikehalden, slik at det alltid er klart til bruk dersom uhellet er ute. Eit brannteppe er eit fint tillegg som tek liten plass og effektivt kveler mindre flammar.

Hald minst 3 meter avstand

På campingplassar skal det vere minst 3 meters avstand mellom campingvogner, bubilar og telt. Bilar som ikkje skal brukast til overnatting kan parkerast i mellomrommet. Ein avstand på 3 meter er ikkje nok til å hindre ein brann i å spreie seg vidare. Formålet med avstanden er å avgrense spreiinga av brannen, slik at personar nær brannen rekk å rømme og eventuelt bidra i sløkkjearbeidet. For terrassar, spikartelt og andre meir faste konstruksjonar kan avgjersler frå plan- og bygningslova gjelde. Dette skal vere beskrive i campingplassen sine reglar.

Pass på grillen

Ikkje set grillen for nær campingvogna, bubilen eller teltet. Grillen vert svært varm og kan setje fyr på både veggar, teltduk og underlaget. Grill, kokeapparat og liknande bør stå minst 1 meter frå teltduken. Bruk aldri open eld eller glødande kol inne i teltet eller forteltet. Ein teltduk tar fort fyr og kan gje frå seg mange giftige gassar. Tenner du grill og gassapparat inne i teltet risikerer du ikkje berre at teltet tek fyr, men også at lufta i teltet vert så dårleg at det er fare for kveling.

Propan

Sjekk jamleg propananlegget sine slangar, røyr og koplingar for å unngå lekkasjar. Følg bruksanvisninga sine retningslinjer for montering, tryggleiksavstand og bruk og vedlikehald nøye. Propanbehaldaren skal alltid stå oppreist, og må aldri utsetjast for unormal oppvarming eller sterk solvarme.

Sjekk el-anlegget

Elektriske anlegg og elektrisk utstyr i campingvogner og bubilar må vere installert i henhald til regelverket. Det er eigars ansvar at anlegg og utstyr brukast som forutsett. Det er ein god idé å få ein fagperson til å gjere ein kvalifisert kontroll, ettersyn og vedlikehald av det elektriske, før ferieturen startar. Les også nøye campingplassen sine reglar for tilkopling og bruk av straum.

DERSOM DET BRENN

1) Redd deg sjølv og folk som er i fare

2) Varsle brannvesenet på nødnummer 110

3) Forsøk å sløkkje dersom du ikkje utset deg sjølv for fare