05.08.2021

Ny student? Hugs å sjekke branntryggleiken der du bur

Kven har ansvar for å bytte batteri i røykvarslaren? Kva gjer eg om det brenn og utgangen er sperra? Kor står sløkkjeapparatet? Dette er spørsmål du må vite svaret på når du flyttar inn i ny bustad.

I ein trong leigemarknad er det viktig å vere obs og ikkje ta til takke med ein bustad som ikkje har god nok branntryggleik. Uansett om du skal bu åleine, saman med andre, i leigd eller eigd leilegheit, hybel eller kollektiv, så må du tenkje på branntryggleiken og vite kven som har ansvar for kva.

Sjekk dette før du flyttar inn

Før du flyttar inn må du forsikre deg om at bustaden tilfredsstiller alle krav til branntryggleik. Still førebudd på visning, slik at du kan sjekke at huseigar tek branntryggleiken på alvor.

  1. Tel røykvarslarar
    Det skal vere minst éin røykvarslar i kvar etasje, og desse skal dekke kjøkken, stove og soner utanfor soverom og tekniske rom. Er leilegheita kopla til ein brannsentral? Forhøyr deg om anlegget og sjekk at det er i normal drift. Ved brann er tidleg varsling det aller viktigaste.
  2. Sjekk sløkkjeutstyret
    Bustaden skal ha fungerande sløkkjeapparat eller brannslange som dekker alle rom.
  3. Be om å få sjå alle rømmingsvegar
    Er bustaden i eit bygg med fleire etasjar, må den i mange tilfelle ha to uavhengige rømmingsvegar.

Dette har du ansvar for

Det er huseigar sitt ansvar at røykvarslarar, sløkkjeutstyr og rømmingsvegar er på plass og fungerer, men som leigetakar må du følgje opp dette i kvardagen. Her er det aller viktigaste du må hugse på:

  • Test røykvarslarar jamleg og bytt batteri ein gong i året
  • Sløkkjeapparat skal stå synleg og alltid vere klart til bruk. Sjekk at trykkmålaren står på grønt og at plomberinga sit på splinten.
  • Hald alle rømmingsvegar ryddige og tilgjengelege
  • Meld å til huseigar dersom du oppdagar feil ved røykvarslarar, sløkkjeapparat, rømmingsvegar eller anna som påverkar branntryggleiken

Test rømmingsvegane

Har du tenkt gjennom kor du kan rømme ut dersom den vanlege vegen er sperra? Ikkje alle rømmingsvegar kjem i form av ei dør ut til tryggheita. Ein rømmingsveg kan for eksempel vere gjennom eit vindauge. Då må du vite at du kjem deg gjennom vindauget og trygt ut på andre sida. Er det enkelt å opne? Treng du ein brannstige eller eit branntau for å kome deg ned til bakken? Har du testa rømmingsvegane dine på førehand, veit du akkurat kva du skal gjere dersom det skulle byrje å brenne.

Ha brannøving med kollektivet

Bur du saman med andre i kollektiv? Då er det fint å snakke saman om kva de skal gjere dersom det byrjar å brenne. Tenk gjennom ulike scenario som kan oppstå ved brann. Kor er rømmingsvegane? Kva gjer de viss utgangsdøra er blokkert? Avtal ein møtestad utanfor bustaden, slik at alle veit kor de skal gå. Lag det gjerne om til ei praktisk øving.

Er du bekymra for branntryggleiken der du bur?

Sei ifrå! Dersom du er bekymra for din eigen eller andre sin branntryggleik, kan du melde ifrå til brannvesenet via nettstaden branntips.no. Då kjem brannvesenet på befaring, sjekkar om alt er som det skal, og tek opp eventuelle manglar med huseigar. Dette kostar ingenting og kan potensielt bidra til å redde liv.

Ved akutt behov for hjelp ved brann og andre ulykker ringer du 110.