28.11.2022

Røykvarslardagen

Røykvarslardagen 1. desember er like rundt hjørnet. I år har vi ikkje fått utdelt røykvarslarbatteri frå Brannvernforeningen, men det er likevel mykje vi kan gjere for å få fram bodskapen om at røykvarslarar reddar liv og at det er viktig å byte batteri.

På brannvernforeningen si nettside ligg det informasjon til brannvesena, og lenke til ei mappe med kampanjemateriell som kan brukast. Her står det litt tips og forslag til bruk av materiell.

På DSB sin Flickr-konto ligg det også ein del illustrasjosfoto som kan lastast ned.

For dei brannvesena som har bestilt inn kampanje-materiell er det ein quiz som kan delast ut på stand eller på heimebesøk. Sosiale medier-materiellet i kampanjen kjem dessverre ikkje på nynorsk. Dette er tatt opp med Brannvernforeningen, som lovar å ta med seg det til neste års kampanje.

Lykke til med røykvarslardagen!