06.12.2021
Bjørnis superlisens til alle
Vest brann- og redningsregion har inngått ein avtale med Stiftelsen Brannbamsen Bjørnis om superlisens. Dette betyr at alle brannvesen i Vest brann- og redningsregion no vert Bjørnis-brannvesen.
Dette er eit resultat av det gode arbeidet som fagutvalet for brannførebyggjande arbeid har lagt ned. Superlisensen gjev utvida rett til bruk av konseptet Brannbamsen Bjørnis og gjev desse fordelane:
- 10 % rabatt i Bjørnis sin nettbutikk (gjeld ikkje ved kjøp av maskot)
- Opplæring og oppfølging når det gjeld bruk av Bjørnis-maskot
- Eksklusiv tilgang til kampanjar og materiell
- Tilgang til å bruke eigen logo på materiell i henhald til retningslinjer
- Moglegheita til å vere prøvebrannvesen når nye kampanjar skal testast ut
- Økt profilering på brannbamsen.no ved at superlisenstakarar vert framheva
Kvart brannvesen i Vest brann- og redningsregion får eiga innlogging til webshopen på brannbamsen.no. Her kan ein til dømes kjøpe inn trøstebamsar og profileffektar som kan brukast til utdeling, konkurransar m. m.