15.12.2021

Brannvesenets juletips

Jul og nyttår er høgtid for god mat, levande lys og peiskos. Uforsiktig bruk av levande lys og det å vere uoppmerksom under matlaging, er blant dei vanlegaste brannårsakane i desember.

  1. Sjekk at røykvarslarane dine verkar og at du har fungerande sløkkjeutstyr tilgjengeleg
  2. Gå aldri frå komfyren når du lagar mat. Installer gjerne komfyrvakt.
  3. Gå aldri frå eit rom med levande lys og aldri set eit tent lys nær gardiner eller brennbar julepynt
  4. Sjekk alltid ein ekstra gong at alle levande lys er sløkt før du legg deg eller går ut av huset
  5. Slå alltid av adventsstakar, julestjerner og lyslenkjer om natta og når du ikkje er heime
  6. Ha brannøving heime. Har du tenkt over situasjonen på førehand, er du mykje betre førebudd om det skulle byrje å brenne.