07.04.2025
Brannvesenets påsketips
Nokre hytter ligg utanfor allfarveg og har ikkje vegadresse. Då kan det vere lurt å henge opp ein naudplakat. Hugs å sjekke at røykvarslaren på hytta fungerer og ta med ekstra røykvarslerbatteri.
Næraste brannstasjon er ofte lenger unna når ein er på hytta – då er det ekstra viktig å sørgje for at branntryggleiken er på topp.
Følg desse tipsa for ei branntrygg påske:
- Sjekk at røykvarslarane fungerer. Røykvarslarane skal høyrast tydeleg på alle rom når alle dører er lukka. Hugs å ta med nye røykvarslerbatteri eller skaff deg ein reiserøykvarslar.
- Sjekk sløkkjeutstyret. Det skal vere same sløkkjeutstyr på hytta som i bustad. Du må enten ha eit brannsløkkingsapparat med skum eller pulver, eller ein husbrannslange.
- Om du har gass, sjekk at du ikkje har lekkasje og at anlegget er i god stand. Vurder om du skal installere ein gassvarslar.
- Gå aldri frå eit rom med levande lys. Bruk ikkje-brennbare lysestakar og set lysa i god avstand frå brennbart materiale som vindauge og gardiner.
- Skal du grille eller brenne bål må du vise varsemd og sørgje for god avstand til brennbart materiale. Hugs å sløkkje grillen eller bålet heilt før du går frå det.
- Ikkje set oska frå eldstaden rett utanfor hytte- eller husveggen. Kjøl ned oska i ei branntrygg bøtte med lokk og plasser i god avstand frå veggen.
- Heng opp ein naudplakat på hytta. Plakaten skal vise nøyaktig geografisk posisjon, og kan vere livsviktig hjelp viss du for eksempel ikkje har vegadresse til fritidsbustaden din. Naudplakaten lagar du enkelt på www.norgeskart.no. Heng du opp ein ekstra naudplakat på utsida av hytteveggen, kan også andre som eventuelt treng akutt naudhjelp dra nytte av den.