Store og komplekse hendingar, som skogbrannar, flom og andre omfattande scenario, krev at brannsjefar veit korleis ein kan byggje eit leiarstøttesystem, som både er robust og står seg over tid. Dette fekk brannsjefane i regionen lære meir om på brannsjefsamlinga 14. mars.
Torsdag 14. mars møttest alle brannsjefane i Vest brann- og redningsregion på Bergen hovedbrannstasjon for å auke kunnskapen sin innan leiing og innsatstøtte.
Til å dele erfaringar om dette temaet var Göran Svensson frå Storstockholms brandförsvar henta inn som forelesar. Han besøkte Vestlandet for første gong, og nytta høvet til å gje brannsjefane i regionen ei grundig innføring i struktur og oppbygging av leiing på skadestaden. Målet var å dele kunnskap og kome med innspel som brannsjefane kan dra nytte av. Svensson avslutta undervisninga med å minne om at «den förberedde överlever».
I tillegg til innlegget frå Svensson, presenterte Dag Ivar Fjeldberg og Lars Gärtner styringssystemet CIM for Vest brann- og redningsregion. Det elektroniske verktøyet CIM er eit heilskapleg styringssystem for kvalitet, sikkerheit og beredskap. Systemet tek hand om alle funksjonar i handteringa av ei hending. Arbeidet vert loggført og sporbart, slik at ein i etterkant kan jobbe med læring og forbetring.
Også fagutvala i Vest brann- og redningsregion deltok på samlinga.