Den nye krisehandteringsmodulen i CIM er no ferdig og onsdag 20. mars vart den første opplæringa gjennomført på Bergen hovedbrannstasjon.
Til stades på kurset var deltakarar frå Vaksdal, Austevoll, Tysnes, Askøy, Kvinnherad og Bergen brannvesen. Det vart gitt opplæring i krisehandteringsmodulen og gitt informasjon om einheitleg leiingssystem. Opplæringa vart gjennomført av brannkonstabel i Bergen brannvesen, Lars Gärtner, som har ei sentral rolle i utviklinga av Vest brann- og redningsregion CIM.
For dei som ikkje hadde anledning til å delta vil det kome fleire sjansar i nærmaste framtid.