26.03.2021
Ha brannøving i påskeferien
Påska står for tur og enten du skal opphalde deg heime eller på hytta i ferien, er branntryggleiken like viktig! Arranger brannøving saman med familien din, slik at alle veit kva dei skal gjere dersom det oppstår brann.
Dei fleste av oss har vore med på brannøvingar på jobb eller skule. Men kva med heime eller på hytta? Skulle det oppstå ein brann som du ikkje får sløkt sjølv, er det viktig å kunne evakuere raskt. Regelmessige brannøvingar aukar sjansen for å gjere dei rette tinga i riktig rekkefølgje, dersom det skulle byrje å brenne. Det kan redde liv.
Brannvesenet anbefaler alle å ha brannøving 1-2 gonger i året, slik at alle veit korleis ein skal evakuere på tryggast mogleg måte.
Heile familien må vere med
Det er viktig at alle som er heime eller på hytta, er med på brannøvinga, slik at dei veit korleis dei skal reagere og kome seg ut dersom det skulle oppstå brann. Også born.
– Det er viktig at ein snakkar med born om brann på ein god måte. Nokre kan bli redde av den høge lyden frå røykvarslaren og reagere med å gøyme seg under senga. Det er veldig viktig at dei forstår at dei må kome seg ut eller åtvare ein vaksen, dersom dei skulle oppdage brann, seier Leif Linde, brannsjef i Bergen brannvesen.
Røykvarslarar sørgjer for tidleg varsling, slik at du og familien kan evakuere trygt.
Mange hytter har ikkje varslings- og sløkkjeutstyr
Ei undersøking utført av Vest brann- og redningsregion viser at altfor mange hytter i regionen manglar brannvarslings- og sløkkjeutstyr. Undersøkinga som vart gjennomført i februar viser at 2 780 hytter ikkje har fungerande røykvarslarar og at nærare 5 000 hytter ikkje er utstyrt med fungerande sløkkjeapparat eller husbrannslange. Sørg for at du har fungerande varslings- og sløkkjeutstyr på hytta. Det viktigaste du pakkar med deg i påskebagen er nytt batteri til røykvarslaren!
Lengre utrykkingstid til hytter
Krava til branntryggleik er dei same på hytta som heime. Som hytteeigar må du difor sørgje for at hytta di er utstyrt med brannvarslings- og sløkkjeutstyr. Ligg hytta utanfor allfarveg, bør du vere førebudd på å kunne handtere mindre branntilløp på eigenhand, i tilfelle brannvesenet har lang utrykkingstid. Det viktigaste er likevel å kome seg i tryggleik og få varsla nødetatane.