23.06.2022
Hugs branntryggleiken på camping
Brann på ein campingplass kan spreie seg svært raskt. Gjer deg kjend med sikkerhetsreglane når du kjem til ein ny plass. Sjekk at røykvarslaren fungerer der du skal sove, og kor brannslokkingsutstyret er.
Installer røykvarsler
Ein brann utviklar seg raskt i ei campingvogn eller eit telt og kvart sekund tel. Har du ein røykvarslar, aukar du sjansen for å redde deg ut i tide. Røykvarslarar bør monterast fast i campingvogner og bubilar. Hugs å bytte batteri og teste at røykvarslaren verkar før du legg ut på tur. I telt kan du bruke ein reiserøykvarslar. Det er lurt å ha ein kniv lett tilgjengeleg i teltet, så du raskt kan skjære deg ut dersom det byrjar å brenne. Om du leiger hytte bør du sjekke at røykvarslaren fungerer og at nødvendig slokkeutstyr er på plass.
Husk brannslokkingsapparat
Brannsløkkingsapparat er påbode i alle campingvogner og bubilar. Sørg for at apparatet er lett tilgjengeleg og jamleg vert vedlikehalden, slik at det alltid er klart til bruk dersom uhellet er ute. Eit brannteppe er eit fint tillegg som tek liten plass og effektivt kveler mindre flammar. Om du leiger hytte skal utleigar sørge for at du har tilgjengelege slokkemiddel.
Sjekk det elektriske anlegget
Elektriske anlegg og elektrisk utstyr i campingvogner og bubilar må vere installert i henhald til regelverket. Det er eigar sitt ansvar at anlegg og utstyr brukast som forutsett. Det er ein god idé å få ein fagperson til å gjere ein kvalifisert kontroll, ettersyn og vedlikehald av det elektriske, før ferieturen startar kvart år. Les også nøye campingplassen sine reglar for tilkopling og bruk av straum.
Propan
Sjekk jamleg propananlegget sine slangar, røyr og koplingar for å unngå lekkasjar. Følg bruksanvisninga sine retningslinjer for montering, tryggleiksavstand og bruk og vedlikehald nøye. Propanbehaldaren skal alltid stå oppreist, og må aldri utsetjast for unormal oppvarming eller sterk solvarme. Installer gassvarslar om du bruker gass inne i campingvogna eller bubilen.
Hald minst 4 meter avstand
Plasser campignvogna, bubilen eller teltet i god avstand frå naboen. Frå 1. mars 2022 er det krav til minimum 4 meter avstand. Kravet har ikkje tilbakevirkande kraft, og gjeld kun nyetablerte eller ombygde campingplassar, eller på plassar der plassering enkelt kan endrast til 4 meter. Tidlegare var kravet 3 meter. Formålet med avstanden er å avgrense spreiiinga av ein eventuell brann, slik at personar i nærleiken rekk å kome seg vekk og eventuelt bidra i sløkkjearbeidet.
Pass på grillen
Ikkje set grillen for nær campingvogna, bubilen eller teltet. Grillen vert svært varm og kan setje fyr på både veggar, teltduk og underlaget. Grill, kokeapparat og liknande bør stå minst 1 meter frå teltduken. Bruk aldri open eld eller glødande kol inne i teltet eller forteltet. Ein teltduk tar fort fyr og kan gje frå seg mange giftige gassar. Tenner du grill og gassapparat inne i teltet risikerer du ikkje berre at teltet tek fyr, men også at lufta i teltet vert så dårleg at det er fare for kveling. Sjekk gjerne om campingplassen har plasser for grilling.
Brannskader
Brannskadar må behandlast raskt. For å minimere skaden er det viktig at du lærer deg denne framgangsmåten om uhellet skulle vere ute:
Bruk 20/20-regelen. Kjøl det skada området med cirka 20 grader vatn i 20 minutt. Ved større skader, ring 113.