24.02.2021

Hugseliste for branntryggleik i hytter

Branntryggleiken er like viktig på hytta som heime. Her er brannvesenets hugseliste for ein branntrygg hytteferie.

Røykvarslar og sløkkjeutstyr
Det første du bør gjere når du kjem til hytta er å sjekke at røykvarslaren fungerer og at sløkkjeutstyret er i orden.

Alle bustader, både leilegheiter, rekkehus, privatbustader, hyblar og hytter, skal ha minst éin godkjent røykvarslar eller eit FG-godkjent brannalarmanlegg. Det skal vere minst éin røykvarslar i kvar etasje som skal høyrast på alle soverom, kjøkken og opphaldsrom, også når dørene er lukka. Pass på at røykvarslaren er riktig montert i taket. Røykvarslarar bør testast minst ein gong i månaden og kvar gong du har vore vekke over lengre tid. Batteriet bør skiftast ein gong i året, med mindre du har batteri som har lengre levetid.

Kontroller at sløkkjemiddel som brannslange eller brannsløkkeapparat er lett tilgjengeleg. Sjekk trykkmålaren og snu brannsløkkingsapparatet opp ned eit par gonger i året, om du har pulverapparat. Sløkkjeapparat må kontrollerst jamleg.

Rømingsveg
Pass på at alle opphaldsrom har tilstrekkeleg med rømingsmoglegheiter til trygge omgivnader. På vinterstid med mykje snø er det difor viktig å passe på at ein ikkje berre grev seg inn i hytta, men også sørger for å grave rømingsveg ut.

Fyr trygt
Fyr med passe mengder tørr ved og god trekk. Ikkje bruk brennbare væsker til opptenning. Ikkje set oska rett utanfor hytteveggen. Kjøl den ned i ei brannsikker bøtte med lokk, og plasser på ei fast plate eller steinhelle, i god avstand frå hytta.

Obligatorisk feiing
Alle hytteskorsteinar skal også feiast, etter forskrift om brannforebygging frå 2016. Kommunen avgjer når og kor ofte. Hytteeigar har meldeplikt til det lokale brannvesenet om tilstand på skorstein og fyringsanlegg, samt om det har blitt installert ny eldstad.

Levande lys
Forlat aldri eit rom med levande lys og pass på at du ikkje sovnar ifrå det. Bruk kun brannsikre lysestakar som tåler at lyset brenn ned utan at dette får konsekvensar. Levande lys må ikkje kome i nærleiken av ting som kan brenne, så ver difor spesielt oppmerksam på avstand til gardiner og andre tekstilar om du luftar gjennom vindauge.

Propan
Lekkasje i propanutstyr og slangar kan føre til brann- og eksplosjonsfare. Sjekk difor jamleg propanutstyr, slangar og koplingar. Ein god metode er å bruke såpevatn for å søke etter lekkasjar. Kople gjerne frå slangen til gassbehaldaren om natta og når du forlèt hytta. Om du kjenner gasslukt må du ikkje tenne eller slå på noko som kan utløyse gnistar. Luft først godt ut og finn så eventuelle lekkasjar.