17.11.2023

Kampanjemateriell til fyringssesongen

Fyringssesongen er allereie i gong for mange, og her finn du materiell som ditt brannvesen kan bruke for å informere innbyggjarane om riktig fyring.

Alt av kampanjemateriell finn du i denne mappa.

Vi har laga til brosjyrer på bokmål og nynorsk, i designet til Vest brann og redning. Desse er trykt opp i fleire eksemplar, og er på veg til hovedbrannstasjonen i Bergen. Om ditt brannvesen ynskjer å hente/få tilsendt brosjyrer, ta kontakt med Pål Hansen. I mappa ligg det også PDF-versjon av denne.

I forbindelse med designet av ny brosjyre, er det laga til fine, enkle illustrasjonar som viser korleis ein fyrer på riktig måte. Desse illustrasjonane er også gjort om til bilete, som kan brukast i artiklar på nett eller i sosiale medier. Fire av bileta/illustrasjonane er meint å brukast som ein «karusell» på Instagram, for dei som har Instagram-konto. Karusell vil seie fleire bilete i same innlegg, som ein kan sveipe vidare på. Sjå oppskrift på korleis legge ut eit slikt innlegg her (Velg «del et innlegg med flere bilder eller videoer på Instagram»).

Det andre bilete («Tre fyringstips») kan delast i ein post på Facebook, eventuelt brukast i andre samanhengar, til dømes som bilete i ein nettartikkel. I mappa ligg det også andre illustrasjonsfoto som fritt kan brukast.

På nettsida for innbyggjarane er det publisert ein artikkel:
Slik fyrer du riktig