19.12.2022

Kampanjemateriell til jul og nyttår

Jul og nyttår er høgtid for kos, god mat og levande lys. I ein av dei mest brannfarlege månadane i året er det greitt å minne innbyggjarane på å vere ekstra oppmerksame. I denne artikkelen finn du kampanjemateriell som bilder, film og tekst, som ditt brannvesen kan bruke i juletida.

Åtvarar mot brannfarlege adventskransar
Ein av tinga vi ynskjer å åtvare innbyggjarane mot er å lage sine eigne brannfarlege adventskransar. Problemstillinga er like aktuell som i fjor og året før, og framleis er det mange som lagar juledekorasjonar med kongler, kvistar og anna brennbart naturmateriale, i kombinasjon med levande lys. I 2020 vart det laga ein film om dette, denne ligg framleis på YouTube-kanalen til Vest brann- og redningsregion. Filmen ligg også i kampanjemappa som er lenka under. Der ligg det to filmar, «brannfarlege adventskransar» og ein film med generelle juletips. Begge filmane har logoen til Vest brann- og redningsregion i seg, og kan brukast både på Facebook og Instagram. I mappa ligg det også fleire illustrasjonsbilete som fritt kan brukast. Under her er det også lenker til nettsaker som kan delast.

Mappe med kampanjemateriell

Åtvarar mot brannfarlege adventskransar

Ha ei branntrygg juletid

10 gode råd om bruk av fyrverkeri

Nyttår og fyrverkeri
På sikkerhverdag.no ligg det fleire artiklar om dei gjeldande nasjonale reglane for fyrverkeri, og korleis ein skal bruke fyrverkeri på ein trygg måte. I kampanjemappa ligg det illustrasjonsbilete av fyrverkeri som fritt kan brukast på nett eller i sosiale medier.