15.12.2021

Kampanjemateriell til jul og nyttår

Jula nærmar seg, og i ein av dei mest brannfarlege månadane i året er det greitt å minne innbyggjarane på å vere ekstra merksame. I denne artikkelen finn du kampanjemateriell som bilder, film og tekst, som ditt brannvesen kan bruke i juletida.

I fjor vart det sett fokus på brannfarlege adventskransar. Problemstillinga er like aktuell i år, og framleis er det mange som lagar sine eigne adventskransar med kongler, kvistar og anna brennbart naturmateriale, i kombinasjon med stearinlys. Filmen frå i fjor, der brannvesenet åtvarar mot denne typen kransar, ligg framleis på YouTube-kanalen til Vest brann- og redningsregion. Filmen ligg også i kampanjemappa som er lenka til under. Der ligg det to filmar, «brannfarlege adventskransar» og ein film med generelle juletips. Begge filmane har logoen til Vest brann- og redningsregion i seg, og kan brukast både på Facebook og Instagram. I mappa ligg det også fleire illustrasjonsbilete som fritt kan brukast. Under her er det også lenka til nettsaker som kan delast.

Mappe med kampanjemateriell

Nettsak om brannfarlege adventskransar

Nettsak med brannvesenets juletips

Nyttår og fyrverkeri
sikkerhverdag.no ligg det fleire artiklar om dei gjeldande nasjonale reglane for fyrverkeri, og korleis ein skal bruke fyrverkeri på ein trygg måte. I kampanjemappa ligg det illustrasjonsbilete av fyrverkeri som fritt kan brukast på nett eller i sosiale medier.