08.02.2021

Komfyrvaktkampanjen

Onsdag 10. februar er det klart for Komfyrvaktkampanjen for å auke merksemda rundt komfyrbrannar. Ein komfyrvakt kan avgrense skadane og hindre at komfyrbrannar utviklar seg til å verte alvorlege.

Komfyrvaktkampanjen vart lansert hausten 2014. Kampanjen er ein del av satsinga «Alt vi kan mot brann», som er ei nasjonal satsing på brannførebyggjande arbeid, målretta mot risikoutsette grupper.

Komfyren er heimens klart største kjelde til branntilløp. Gjennom kampanjen skal ein oppfordre til å installere komfyrvakt, for å hindre at farlege situasjonar oppstår. Over 200 brannvesen, feiarvesen og det lokale eltilsyn ha lokale aktivitetar over heile landet. På grunn av pandemien vert nok kampanjen digital for dei fleste.

I dagane før kampanjen og på sjølve kampanjedagen 10. februar er det fint å dele innhald på sosiale medier. Det kan vere artiklar, bilete eller kanskje ein konkurranse der premien er ein komfyrvakt. Under finn du relevant innhald som kan brukast: