Onsdag 13. februar er det klart for Komfyrvaktkampanjen. Målet med den nasjonale kampanjen er å auke merksemda rundt komfyrbrannar.

Komfyren er den klart største brannkjelda i heimen. Gjennom komfyrkampanjen skal ein oppfordre alle til å installere komfyrvakter, for å hindre at farlege situasjonar oppstår. Under kampanjen vil over 200 brannvesen, feiarvesen og det lokale eltilsyn ha lokale aktivitetar over heile landet.

Alt vi kan mot brann
Komfyrvaktkampanjen vart lansert hausten 2014, og var dei første åra retta mot personar som har foreldre over 70 år som bur i eigen bustad. Etter to år med denne kampanjen vart fokuset flytta over til befolkninga som heilskap. Samtidig vart kampanjen flytta til februar. Kampanjen er ein del av satsinga «Alt vi kan mot brann», som er ei nasjonal satsing fram til 2020 på brannførebyggjande arbeid, målretta mot risikoutsette grupper.

I dagane før kampanjen og på sjølve kampanjedagen 13. februar er det fint å dele innhald på sosiale medier, både artiklar, video og bilete. Eit tips er å dele kampanjefilmen til DSB, «Visningen», og bruke bileta til DSB som ligg i ei eiga mappe.

Nyttige lenkjer:

Nettsak sikker hverdag: Dette bør du vite om komfyrvakt
Nettsak vestbrannregion.no: Komfyrvakt kan redde heimen din frå brann
Pressemelding – Hordaland nynorsk
Pressemelding – Hordaland bokmål
Video, bilete og anna kampanjemateriell frå DSB