21.03.2024

Lag naudplakat til hytta

Mange hytter ligg litt utanfor allfarveg og har ikkje nødvendigvis ei vegadresse. Med en naudplakat på hytta er det enklare for deg å forklare vegen for naudetatane, dersom noko skulle skje.   

Vet du nøyaktig posisjon på hytta di? For brannvesen, politi og helse kan det vere vanskeleg å finne fram til riktig stad når det kjem inn ei naudmelding frå hytter og fritidsbustader utan fast adresse. Mange hytter i Norge manglar vegadresse, og stadnamn kan ofte vere heilt forskjellig frå dei offentlege stadnamna som er på karta som naudetatane brukar.  

Når det står om minutt kan ein naudplakat redde liv. Plakaten inneheld nøyaktig stadsinformasjon og gjer at du enkelt kan forklare nøyaktig kor du er. Då vert det enklare for hjelpa å finne fram. Leiger du ut hytta di i påska, til nokon som ikkje kjenner nærområdet like godt, kan det vere vanskeleg å forklare kor ein er.

Slik lagar du naudplakat
Naudplakaten lager du enkelt og gratis ved å gå inn på www.norgeskart.no.

  • Finn posisjonen til hytta ved hjelp av markøren, eller skriv inn gards,- bruksnummer og kommune 
  • Vel “lag naudplakat” og fyll inn informasjon 
  • Skriv ut, ta med og heng opp! 

Plakaten viser telefonnumra til naudetatane og ein geografisk posisjon i eit kartutsnitt. GPS-koordinatane kjem automatisk fram, slik at du har nøyaktig posisjon på hytta. Heng du opp ein ekstra naudplakat på utsida av hytteveggen, kan også andre som trenger akutt naudhjelp dra nytte av plakaten.  

Andre gode tips for ei branntrygg påske:

  1. Sjekk at røykvarslarane fungerer. Ha alltid med nye røykvarslarbatteri.
  2. Sjekk at sløkkjeutstyret er i orden. Hytta skal ha same sløkkjeutstyr som i bustad. 
  3. Om du har gass, sjekk at du ikkje har lekkasje og at anlegget er i god stand. Vurder om du skal installere ein gassvarslar.
  4. Gå aldri frå eit rom med levande lys. Bruk ikkje-brennbare lysestakar og set lysa i god avstand frå brennbart materiale.
  5. Skal du grille eller brenne bål må du vise aktsemd og sørgje for god avstand til brennbart materiale. Hugs å sløkkje grillen eller bålet heilt før du forlèt det.
  6. Ikkje set oska frå eldstaden rett utanfor hytte- eller husveggen. Kjøl ned oska i ei brannsikker bøtte med lokk og plasser i god avstand frå veggen.