Propan
I fritidsbåtar brukast ofte propan til oppvarming, matlaging og til å drive kjøleskap. Feil på gassapparat og utstyr eller feil bruk kan føre til brann, eksplosjon eller kullosforgifting. Propan er ein tung gass, som ved ein lekkasje legg seg langs golvet. Ved propanlekkasje er ein liten gnist frå det elektriske anlegget nok til at det vert eksplosjon og brann. Dersom gassapparat brukast innandørs med dårleg lufting, kan forbrenninga føre til at oksygenet forsvinn slik at personar som oppheld seg i rommet kan verte kullosforgifta og kvelt.
Fare for kullos
Mange har aggregat og dieseldrivne varmeapparat i båten. Den luktfrie gassen kullos (CO) er vanskeleg å oppdage, spesielt når ein søv. Monter ein CO-varslar dersom du brukar slike innretningar.
Bruk av open eld
Ver forsiktig og årvåken ved bruk av fyr- stikker, stearinlys og ved røyking.
EL-anlegg i båten
Sørg for at elektrisk anlegg og elektrisk utstyr er føreskriftsmessig installert og vert brukt som forutsett. Kvalifisert kontroll, ettersyn og vedlikehald bør gjennomførast før sesongstart. Sjå nøye på gjestehamna sine reglar for tilkopling og bruk av straum.
Røykvarslar og sløkkjemiddel
Sørg for å ha fungerande røykvarslar dersom du skal overnatte i båt. I ein båt er det mykje brennbart materiale, samt kokeapparat, grillar og andre antenningskjelder. Dessutan ligg ein så tett i båthamna at ein brann spreier seg raskt. Vidare kan det vere trangt og vanskeleg å kome seg ut frå lugarane. Monter difor røykvarslarar i båten og ha ein plan for rask evakuering. Sørg for fungerande og lett tilgjengeleg sløkkjemiddel.
Ti råd i båt
- Søl ikkje med bensin eller olje. Stopp motoren og unngå røyking når du fyller bensin eller olje.
Ha brannsløkkingsapparatet klart. - Elektriske anlegg, koke- og varmeapparat må installerast og reparerast av fagfolk.
- Eldsfarlege væsker må oppbevarast i godkjente kanner og sikrast mot slingring.
- Ha minst eitt 2-kilos brannsløkkingsapparat i båten.
- Luft ut motorrommet. Bruk nasa for å finne lekkasjar. Stopp motoren straks du merkar lekkasje.
- Ver tilbakehalden med bruk av choke.
- Ved brann kan tankar eksplodere. Ha flyteutstyret klart til bruk og ver førebudd på
å forlate båten. - Steng all tilførsel for bensin, gass og olje når turen er avslutta.
- Fortøy båten slik at den lett kan løysast ut om ein brann skulle oppstå.
- Brukar du linolje eller annan olje på trevirke i båten, husk at klutar med treolje kan sjølvantenne.
Legg brukte klutar flatt til tørk ute i friluft. Dynk dei deretter med vatn og kast i ein branntrygg
behaldar.