Hytte, blå himmel og snøkledde fjell

04.04.2022

Sjekk røykvarslaren på hytta

Skal du på hytta i påska? Då er det aller viktigaste du gjer å sjekke at røykvarslaren fungerer! Ha alltid med ekstra batteri. Næraste brannstasjon er ofte lenger unna når ein er på hytta – då er det også viktig å ha tilgang til sløkkjeutstyr. 

Påskekosen involverer ofte grilling av pølser i solveggen, fyr i peisen på kvelden og tenning av levande lys. Hugs at branntryggleiken er like viktig på hytta som heime.  Følg desse tipsa for ei branntrygg påske: 

  1. Sjekk at røykvarslarane fungerer. Hugs å alltid ta med nye røykvarslarbatteri eller skaff deg ein reiserøykvarslar.
  2. Sjekk at sløkkjeutstyret er i orden. Det skal vere same sløkkjeutstyr på hytta som i bustad. 
  3. Om du har gass, sjekk at du ikkje har lekkasje og at anlegget er i god stand. Vurder om du skal installere ein gassvarslar.
  4. Gå aldri frå eit rom med levande lys. Bruk ikkje-brennbare lysestakar og set lysa i god avstand frå brennbart materiale.
  5. Skal du grille eller brenne bål må du vise aktsemd og sørgje for god avstand til brennbart materiale. Hugs å sløkkje grillen eller bålet heilt før du forlèt det.
  6. Ikkje set oska frå eldstaden rett utanfor hytte- eller husveggen. Kjøl ned oska i ei brannsikker bøtte med lokk og plasser i god avstand frå veggen.