26.10.2022

Slik fyrer du riktig

Fyrer du riktig, unngår du brann, sparar miljøet og får meir varme. Følg desse gode råda for trygg fyring.

Bruk tørr ved
Bruk kun tørr og rein ved! Då får du meir varme og mindre sot i eldstaden og skorsteinen. Tørr ved veg lite og har djupe sprekker. Er du usikker på om veden din er tørr, anbefalar vi å teste med ein fuktmålar. Desse er rimelege og kan kjøpast i bygg- og jernvareforretningar. Fuktigheita skal vere under 22 % (helst under 20 %).

Tenn frå toppen
Har du ein moderne reintbrennande eldstad, tenn frå toppen av veden:

  • Legg tørre vedkubbar nedst, ei blanding av opptenningsved oppå kubbane og 2-3 opptenningsbrikettar øvst
  • Tenn på opptenningsbrikettane på toppen
  • La veden brenne heilt ut til det er ein haug med glør, før du legg i ny ved
  • Legg deretter i litt og litt ved, slik at det brenn med rolige flammar
  • Denne metoden gjev mindre sot og partiklar, bedre tilførsel av luft og gjer at dei første vedkubbane brenn lengre og betre. Då reduserer du partikkelutsleppet frå skorsteinen. I tillegg får du utnytta veden langt meir effektivt og det gjev mindre oske og sot.

Sørg for riktig trekk
Det trengs mykje luft til god forbrenning. I tette hus kan det hjelpe å setje ei dør på gløtt eller opne eit vindauge i rommet når du skal tenne opp. Når det er god varme i eldstaden, kan du regulere trekken ned til det brenn med rolege flammar. Hugs å skru opp trekkventilen igjen slik at veden tek god fyr.

Synast du det er vanskeleg å vite kva du skal gjere for å få riktig trekk? Eit godt tips er å sjekke bruksanvisninga for eldstaden din. Om du ikkje lenger har det tilgjengeleg, kan du som regel finne det på internett. Søk på namnet på eldstaden din.

Ikkje fyr med dette!
Ein hovudregel er at du kun skal bruke rein og tørr ved. Ikkje fall for freistinga å verte kvitt boss eller treverk som ikkje eignar seg til fyring. Her er nokre eksempel:

  • Ikkje bruk fuktig ved. Fuktig ved dannar beksot i skorsteinen. Beksoten kan i verste fall ta fyr og føre til skorsteinsbrann.
  • Papp og papir kan gi giftige gassar. Det brenn også for fort, gjev intens varme og brenn ikkje reint
  • Aldri fyr med malte eller trykkimpregnert materiale. Desse gjev frå seg svært giftige gassar når dei vert brent. Det vil også kunne skade eldstaden og skorsteinen.
  • Peiskubbar er i dei fleste tilfelle berre berekna til bruk i opne peisar og kan skade lukka eldstader. Ein god regel er at dersom det ikkje står på pakken at kubben kan brukast i lukka eldstad, må den ikkje brukast.
  • Ikkje bruk vrakved fra sjøen som brensel. Vrakved inneheld salt som blir til klor ved forbrenning.
  • Koks og kol skal aldri brukast i ein vedomn. Koks og kol gir nemleg mykje høgare temperatur enn ved, og vedomnen kan verte så varm at den blir skadd.