Grilling

28.06.2021

Slik grillar du på ein trygg måte

Strålande sommarvêr får det til å rykke i grillfoten hos mange. Enten du svergar til pølser, kotelettar eller grillspyd – utfør grillinga på ein branntrygg måte! Følg brannvesenets heitaste tips for trygg bruk av grill.

All grilling skal skje utandørs og grillen skal alltid haldast oppsyn med, så lenge den er varm. Born og kjæledyr skal aldri vere åleine eller leike nær ein tent grill, og det kan vere lurt å ha førstehjelpsuystyr for behandling av brannskadar lett tilgjengeleg. Og hugs, for mykje alkohol og grilling høyrer ikkje saman.

Eingongsgrill
Ver svært varsam ved bruk av eingongsgrill. Eingongsgrillar er ofte årsaka til gras- og skogbrannar, samt brannar i bosspann og bosscontainarar. Ein eingongsgrill skal stå trygt og stødig, med god avstand til brennbart materiale, også frå undersida. Etter at du har brukt ein eingongsgrill, skal den sløkkjast med vatn. Ha gjerne med ei stor flaske vatn til dette. Når grillen er ordentleg sløkt og oska er kald, kan du kaste grillen på ein sikker stad, gjerne i ein metallbehaldar eller i ein tilrettelagt grill-container.

Gassgrill
Før du opnar for gassen på behaldaren må du passe på at alle blussar er stengde. Tenn alltid grillen rett etter at gasstilførselen er opna. Når du er ferdig å grille, sjekk at både gassblussane og flaskeventilen er stengd. Hugs å sjekke slangar jamleg for sprekker og lekkasjar. Kjenner du gasslukt og mistenkjer lekkasje, steng av gassen på gassflaska med ein gong, og flytt den til ein sikker stad.