17.02.2022

Slik oppbevarer, ladar og kastar du batteri og batteriprodukt

Når du oppbevarer, ladar, sorterer og kastar batteri på riktig måte, reduserer du faren for brann heime, i avfallsbehaldaren, i bossbilane og på renovasjonsanlegga. Her er gode råd for korleis du skal gjere det.

Slik oppbevarer du brukte batteri
Det er alltid noko restenergi igjen i brukte batteri. Teip difor polane og finn ein branntrygg behaldar du kan oppbevare dei i. Det kan for eksempel vere eit stort sylteglas med lokk. Då reduserast risikoen for at batteria kortsluttar i kontakt med kvarandre eller med metalla. Ein gnist er nok til å starte ein brann.

Slik kastar du brukte batteri
Miljøstasjonar og gjenvinningsanlegg tek imot alle gamle batteri på ein trygg måte. Du kan også enkelt levere gamle batteri tilbake til butikken der du kjøpte dei, eller til andre butikkar som sel tilsvarande batteri.

Ikkje kast brukte batteri i restavfallet, og sjølvsagt ikkje i papiravfallet! Det kan føre til brann i både avfallsbehaldar, bossbil eller på avfallsanlegget. Dei siste fem åra har det oppstått meir enn 200 brannar i norske avfallsanlegg. Batteribrannar inneheld mykje energi og er vanskelege å slokke.

Ladevettreglane

Med eit aukande tal elektriske produkt i norske heimar, aukar risikoen for at uønskte hendingar oppstår. Følg desse ladevettreglane for å lade batteriprodukt på ein trygg måte.

  1. Lad i rom med røykvarslar
  2. Lad når du er vaken og til stade
  3. Les og følg produsentens bruksanvisning
  4. Bruk helst original ladar
  5. Lad på eit underlag som ikkje lett kan brenne
  6. Ikkje lad i senga
  7. Ikkje lad i korridor eller i trapperom. Dei må kunne brukast som fluktveg ved brann
  8. Bytt ut skada utstyr
  9. Stopp lading dersom det kjem lydar, lukt eller vert unormalt varmt
  10. Ved røyk og flammar, ring brannvesenet på 110