Bjørnis

27.06.2023

Sommar-materiell

Her finn du materiell som kan brukast i sommar. Blant anna ein digital sommarpakke frå Bjørnis, og ei heilt ny sommarbrosjyre i Vestbrannregion-design.

Stiftelsen Brannbamsen Bjørnis har laga ein digital sommarpakke med bilete og tekst. Her er det laga til forslag til tekstar som kan brukast i sosiale medier. Det er fleire bilete per tema, slik at det er mogleg å variere. Det er sjølvsagt lov til å bruke bileta i mappa slik ein sjølv ynskjer, og tekstane kan justerast om det er andre bodskap ein vil få fram.

Ny sommarbrosjyre
Vi har laga til ei ny sommarbrosjyre i Vestbrannregion-design. Her er dei beste tipsa for ein branntrygg sommar samla på ein stad. Brosjyra kjem i både bokmål og nynorsk versjon. Vi har også ei båtbrosjyre og båtflyers frå tidlegare av. Alt av sommar-materiell kan lastast ned frå denne Google-mappa.

#tavarepåskogen
I forbindelse med skogbrann og tørkeperiodar vart det i fjor laga til ein serie bilete med ulike bodskap, som handlar om å ta vare på skogen. Det er BIF (brannvesenets informasjonsforum) som består av kommunikasjonsfolk i dei største brannvesena i landet, som har laga kampanjen. Desse kan fritt brukast i sosiale medier, også i år. Desse kjem i tillegg i pdf-versjon, slik at dei kan printast ut og hengast opp som plakatar utandørs.

God sommar!