30.06.2022

Sommarkampanje-materiell

Her finn du materiell som kan brukast i sosiale medier i sommar!

Bruk redningsvest
Sommaren er høgsesong for drukningsulykker, og i snitt skjer 40 % av alle drukningsulykker mellom juni og august. Vi har difor laga ein kort film til sosiale medier, som minnar folk om å bruke redningsvest på sjøen i sommar. Filmen har Vest brann- og redningsregion logoen i seg. På Redningsselskapet sine nettsider kan ein lese oppdatert drukningsstatistikk.

#tavarepåskogen
I forbindelse med skogbrann og tørkeperiodar er det laga til ein serie bilete med ulike bodskap, som handlar om å ta vare på skogen. Det er BIF (brannvesenets informasjonsforum) som består av kommunikasjonsfolk i dei største brannvesena i landet, som har laga til kampanjen. Desse kan fritt brukast i sosiale medier. Desse kjem også i pdf-versjon, slik at dei kan printast ut og hengast opp som plakatar.

Alt materiell kan lastast ned frå denne mappa. Både film, bilder og plakatar kjem i bokmål og nynorsk versjon.