20.06.2024

Sørg for trygg bålbrenning på jonsok

Har du planar om å brenne jonsokbål? Hovudregelen er at det tillate å tenne opp bål så lenge det er i god avstand til bygningar, skogsområde, vegetasjon og anna brennbart materiale. Følg desse råda for trygg bålbrenning:

  • Ta omsyn til skogbrannfare og vindtilhøve
  • Dersom du ikkje eig grunnen sjølv, hugs å få løyve frå grunneigar
  • Det er alltid den som brenn bål som har ansvar for branntryggleiken
  • Bålet må vere i god avstand frå bygningar og vegetasjon
  • Ikkje gjer opp eld på svaberg eller bart fjell. Dette gjev varige skader.
  • Bålet skal byggast av reine treprodukt. Det er forbode å brenne plast, bygningsmateriale og anna boss
  • Bålet må ikkje vere større enn at du har kontroll på det, og kan sløkkje det ved behov
  • Sørg for at born held god avstand til bålet. Kle dei i naturstoff som bomull og ull
  • Ikkje bruk bensin eller liknande til opptenning
  • Ha rikeleg med sløkkjevatn lett tilgjengeleg
  • Ein edru, ansvarleg vaksen skal sørgje for at bålet sløkkjast heilt før ein forlet plassen

Treng du løyve frå kommunen?
Det er ulikt frå kommune til kommune om ein må søkje om lov til å tenne bål på jonsok, om ein kun må melde ifrå, eller om ein ikkje treng å gi beskjed. I mange kommunar må ein be om løyve frå eventuell grunneigar. Sjekk kva reglar som gjeld hos deg på kommunen si nettside.

Hugs! Bruk sunn fornuft og ikkje tenn opp bål om du er usikker. Kontakt brannvesenet i kommunen din om du har spørsmål.