20.06.2022

Sørg for trygg bålbrenning på Sankthans

Har du planar om å tenne sankthansbål? Hovudregelen er at det tillate å tenne opp bål så lenge det er i god avstand til bygningar, skogsområde, vegetasjon og anna brennbart materiale. Men, hugs at bålbrenning skjer på eige ansvar, og det er viktig at du sørger for at det er trygt. Det er også ulike reglar i kommunane, sjå kva som gjeld i din kommune under.

Her får du våre råd for trygg bålbrenning på Sankthans:

  • Ta omsyn til skogbrannfare og vindtilhøve
  • Dersom du ikkje eig grunnen sjølv, hugs å få løyve fra grunneigar til å brenne bål
  • Det er alltid den som brenn bål som har ansvar for brannsikkerheten
  • Bålet må vere i god avstand frå bygningar og vegetasjon
  • Ikkje gjer opp eld på svaberg eller bart fjell då dette gjev varige skader på berget
  • Bålet skal byggast av reine treprodukt. Det er forbudt å brenne plast, bygningsmateriale og anna søppel
  • Bålet må ikkje vere større enn at du har kontroll på det, og kan slokke det ved behov
  • Sørg for at born held god avstand til bålet. Kle dei i naturstoff som bomull og ull
  • Ikkje bruk bensin eller liknande til opptenning
  • Ha rikeleg med slokkevatn lett tilgjengeleg
  • Ein edru, ansvarleg vaksen skal sørgje for at bålet sløkkjast heilt før de forlet plassen

Treng du søke kommunen om lov til å brenne bål på Sankthans?

Det er ulikt frå kommune til kommune om ein må søke om lov til å tenne bål på Sankthans, om ein kun skal melde frå om planlagde bål, eller om ein ikkje skal gi beskjed til brannvesenet. Men hugs at det kan bli forbod på kort varsel om det er for tørt i vegetasjonen, og at du alltid må sjå an tilhøva.

Askøy kommune: Du melder inn planlagde bål via dette skjemaet på kommunen si nettside. Dette er kun eit meldeskjema, ikkje ein søknad, og du får ikkje svar.

Bømlo kommune: Du treng ikkje søke om lov eller melde frå, men du må be om tillatelse frå eventuell grunneigar.

Kvinnherad kommune: Du treng ikkje søke om lov eller melde frå, men du må be om tillatelse frå eventuell grunneigar.

Stord kommune: Den som er ansvarleg for bålet melder frå til kommunen via dette skjemaet. Dette er kun eit meldeskjema, ikkje ein søknad, og du får ikkje svar.

Vaksdal kommune: Du treng ikkje søke om lov eller melde frå, men du må be om tillatelse frå eventuell grunneigar.

Austevoll kommune: Den som er ansvarleg for bålbrenninga melder frå til kommunen/brannvesenet. På dagtid ringer du 55081000, elles til brannmannskap på vakt på telefon 91160851.

Fitjar kommune: Den som er ansvarlege for bålbrenninga melder frå til kommunen/brannvesenet via dette skjemaet. Dette er kun eit meldeskjema, ikkje ein søknad, og du får ikkje svar.

Osterøy kommune: Du treng ikkje søke om lov eller melde frå, men du må be om tillatelse frå eventuell grunneigar.

Tysnes kommune: Den som er ansvarlege for bålbrenninga melder frå til brannvesenet på epost til torfinn.kongsvik@tysnes.kommune.no. Du må også be om tillatelse frå eventuell grunneigar.

Voss herad: Du treng ikkje søke om lov eller melde frå, men du må be om tillatelse frå eventuell grunneigar.

Bergen kommune: Du treng ikkje søke om lov eller melde frå, men du må be om tillatelse frå eventuell grunneigar.

Kvam herad: Den som er ansvarleg for bålbrenninga melder frå til kommunen/brannvesenet via dette skjemaet.

Samnanger kommune: Du treng ikkje søke om lov eller melde frå, men du må be om tillatelse frå eventuell grunneigar.

Ullensvang kommune: Du treng ikkje søke om lov, men meld gjerne frå slik at vi unngår unødige utrykningar.

Øygarden kommune: Du treng ikkje søke om lov eller melde frå, men du må be om tillatelse frå eventuell grunneigar.

Bjørnafjorden kommune: Du treng ikkje søke om lov eller melde frå, men du må be om tillatelse frå eventuell grunneigar.

Ulvik herad: Du treng ikkje søke om lov eller melde frå, men du må be om tillatelse frå eventuell grunneigar.

Eidfjord kommune: Den som er ansvarleg for bålbrenninga melder frå til brannvesenet via dette skjemaet.

HUGS!

Bruk sunn fornuft, ikkje tenn opp bål om du er usikker. Kontakt brannvesenet i kommunen din om du har spørsmål.