19.06.2023

Svært stor brannfare i terrenget

No er det svært stor brannfare i terrenget i Vestland fylke. Det fine været har ført til at det er veldig tørt i fleire områder i regionen, og mange kommunar har innført eit ekstraordinært forbod mot bruk av eld utandørs.

I fleire kommunar i regionen vil det no ikkje vere lov å tenne eld eller grille i offentleg tilgjengelege parkar og friluftsområde, på tilrettelagde badeplassar eller på kommunane sine tilrettelagde bål- og grillplassar. Forbodet gjeld også jonsokbål. Sjekk kva reglar som gjeld for din kommune.

Bakgrunnen for innføringa av lokale forskrifter er den svært store brannfaren i terrenget i Vestland fylke. Den siste veka har brannvesenet rykka ut til fleire gras- og lyngbrannar i regionen. Så seint som onsdag 14. juni var det ein krevjande brann i terrenget i Samnanger kommune, og dette viser tydeleg kor kritisk situasjonen er no.

Frå før av gjeld det generelle bålforbodet i eller nær skog og anna utmark i perioden 15. april til 15. september. Både det generelle og det ekstraordinære forbodet omfattar alle typar grillar, stormkjøkken, bål, eingongsgrillar og bålpanner, for å nemne noko.