Tysdag 1. oktober er FNs eldredag. I den forbindelse arrangerast Kjøkkenprat-kampanjen – eit initiativ for å betre branntryggleiken heime hos eldre.

Personar over 70 år har fire til fem gongar høgare risiko for å omkome i brann enn resten av befolkninga. Samtidig vert det fleire eldre og dei bur heime lenger enn før. God brannberedskap reddar liv og det er ofte ikkje så mykje som skal til. Ein prat om brannfarer i heimen og enkle brannførebyggjande tiltak kan vere forskjellen på liv og død.

Dette er hovudbodskapen for Kjøkkenprat-kampanjen. Bruk FNs eldredag 1. oktober til å oppfordre pårørande til å betre branntryggleiken heime hos nokon dei bryr seg om.

Kampanjemateriell kan lastast ned her.

Les også artikkelen: Ta kjøkkenpraten for betre branntryggleik.

Denne filmen frå Sikkerhverdag kan vere fin å dele på Facebook.

Og desse bileta kan lastast ned og brukast på nett eller i sosiale medier:


Foto: Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap.