13.01.2020

Snø gjer smale vegar endå meir uframkommelege

Smale vegar og parkerte bilar er allereie ei utfordring for brannbilar. Snøfallet den siste veka gjer det endå vanskelegare med framkommelegheit.

Ein brannbil treng ei vegbreidde på minst tre meter for å kome seg fram. Er det sving eller kurvar, trengs det endå meir plass. Liv og helse kan stå på spel dersom din parkerte bil sperrar vegen.

Det er difor ekstra viktig at huseigarar no måkar snø langs fortau og eigedom. På den måten er det lettare å parkere slik at bilen ikkje er til hinder for brannvesenet. Ver snill og hjelp til med å halde vegane framkommelege for utrykkingskøyretøy.