29.01.2021

1. februar vert 110 Hordaland og Alarmsentral Sogn og Fjordane til nye 110 Vest

Måndag 1. februar vert alarmsentralen i Sogn og Fjordane og 110 Hordaland slått saman til éin 110-sentral i vest. Kl. 12.00 skjer den formelle overtakinga av alle nødtelefonane, og 110-tenestane som tidlegare har låge i Florø, overførast til Bergen.

110 Vest består av 38 deltakarkommunar med rundt 620 000 innbyggjarar i gamle Hordaland og Sogn og Fjordane. De omfattar 31 brannvesen med til saman 94 brannstasjonar.

Bergen er vertskommune og har ansvaret for drift og administrasjon av sentralen, som ligg i hovudbrannstasjonen i Bergen. 110 Vest kjem til å handtere rundt 13 000 nødanrop og 8 000 oppdrag årleg. Om lag 40 prosent av desse oppdraga skjer i Bergen kommune. Som følgje av samanslåinga aukast kapasiteten på vaktlaga i 110-sentralen med éin tilsett per vaktlag: fire på dagtid og tre på natt. Fem tilsette frå tidlegare ALSF er overført til Bergen og lokalkunnskapane vert dermed vidareført.

– Eg er glad for at vi får samla kompetansen frå Hordaland og Sogn og Fjordane i 110 Vest. Saman skal vi sørge for å oppretthalde den gode beredskapen i fylket, seier avdelingsleiar Arne Pettersen.

I tillegg til fleire tilsette og auka kapasitet har 110 Vest fått ny logo. Den vil blant anna pryde Twitter-kontoen, som også endrar namn frå 110 Hordaland til 110 Vest.

Ved brann og andre ulykker – ring 1-1-0

For å kunne hjelpe deg best mogleg når du ringer brannvesenets nødnummer, er det svært viktig å kunne gje dei opplysningane som trengs. Du må:

  • Snakke roleg og tydeleg
  • Fortelje kven du er
  • Oppgje stadnamn og kommune
  • Oppgje telefonnummeret du ringer frå
  • Fortelje kva som har skjedd

På denne måten vert det lettare for 110-sentralen å hjelpe!