29.01.2021

1. februar vert 110 Hordaland og Alarmsentral Sogn og Fjordane til nye 110 Vest

Måndag 1. februar vert alarmsentralen i Sogn og Fjordane og 110 Hordaland slått saman til éin 110-sentral i vest. Kl. 12.00 skjer den formelle overtakinga av alle nødtelefonane, og 110-tenestane som tidlegare har låge i Florø, overførast til Bergen.

110 Vest vert beståande av 38 deltakarkommunar med rundt 620 000 innbyggjarar i gamle Hordaland og Sogn og Fjordane. Det omfattar 31 brannvesen med til saman 94 brannstasjonar.

Bergen skal vere vertskommune og ha ansvaret for drift og administrasjon av sentralen, som framleis skal ligge i hovudbrannstasjonen i Bergen. 110 Vest kjem til å handtere rundt 13 000 nødanrop og 8 000 oppdrag årleg.

Aukar storleiken på vaktlaga
Som følgje av samanslåinga aukast kapasiteten på vaktlaga i 110-sentralen. Det skal vere 20 vaktgåande stillingar fordelt utover fem vaktlag. Det aukast med éin tilsett per vaktlag: fire på dagtid og tre på natt. Fem tilsette frå tidlegare ALSF er overført til Bergen. Lokalkunnskapane vert dermed vidareført. 110-sentralen har bygd om sentralrommet og gjort plass til fleire arbeidsstasjonar.

Vidareutviklast som fagsentral
110-sentralen kjem framleis til å vere ein fagsentral som skal sikre høg kompetanse i avdelinga. Ei hovedprioritering for 110-sentralen framover vil vere samarbeid med andre sentralar, deltakarkommunar og DSB. 110-sentralen skal også skaffe eit nytt nasjonalt oppdragshandteringssystem. Dette skal etter planen vere klar i begynnelsen av 2022, og er no ute på anbod.

Ny logo
I likheit med Vest brann- og redningsregion skal også 110 Vest bruke den nasjonale brannvesenet logoen. Den vil blant anna pryde Twitter-kontoen, som også endrar namn frå 110 Hordaland til 110 Vest.