03.02.2021

Sjå webinar om «kriser og langvarige arbeidsbelastningar» i opptak

I slutten av januar inviterte fagutvalg for brann- og redningsberedskap i Vest brann- og redningsregion til webinar om kriser og langvarige arbeidsbelastningar. No kan du sjå foredraget i opptak.

Foredraget ligg tilgjengeleg her på YouTube-kanalen til Vest brann- og redningsregion. Videoopptaket ligg ikkje ute offentleg, noko som betyr at det er kun dei med lenkja som kan sjå videoen. Webinaret vert liggande tilgjengeleg til 1. mars.

Forelesar Heidi Wittrup Djup (psykologspesialist og dagleg leiar ved Klinikk for krisepsykologi) gjekk gjennom desse emna:

  • Reaksjonar på akutt og langvarig belastning
  • Kva slags sider ved arbeidet gjer oss sårbare?
  • Betydninga av uformell og organisert kollegastøtte, samt god personalomsorg og støtte frå leiinga
  • Eigenomsorg og sjølvhjelpsmetodar