12.12.2023

Følg brannvesenets råd for ei branntrygg jul

Jul og nyttår er høgtid for god mat, levande lys og peiskos. Uforsiktig bruk av levande lys og det å vere uoppmerksom under matlaging, er blant dei vanlegaste brannårsakane i desember.

Her er åtte gode råd for ei branntrygg juletid:

  1. Sjekk at røykvarslarane dine verkar og at du har fungerande sløkkjeutstyr tilgjengeleg
  2. Gå aldri frå komfyren når du lagar mat. Installer gjerne komfyrvakt.
  3. Gå aldri frå eit rom med levande lys og set aldri eit tent lys nær gardiner eller anna brennbart interiør
  4. Sjekk at den elektriske julebelysninga er i orden før bruk og slå av adventsstakar, julestjerner og lyslenkjer om natta og når du ikkje er heime.
  5. Ikkje bruk vaskemaskin, tørketrommel og oppvaskmaskin om natta eller når du ikkje er heime
  6. Ta ei sjekkrunde i bustaden før du legg deg eller går ut av huset. Sør for at alle levande lys er sløkt og at komfyren og anna elektrisk utstyr er slått av.
  7. Lad når du er vaken og til stades, bruk helst original ladar og lad på et ikkje brennbart underlag
  8. Bruk kun tørr og rein ved når du fyrer i omnen