27.11.2023

Røykvarslardagen

Røykvarslardagen 1. desember er like rundt hjørnet. Heller ikkje i år har vi fått utdelt røykvarslarbatteri frå Brannvernforeningen, men det er likevel mykje vi kan gjere for å få fram bodskapen om at røykvarslarar reddar liv og at det er viktig å byte batteri.

På Brannvernforeningen sin Google disc ligg det pressemelding, SoMe-postar og anna materiell. For dei som ikkje har eigne foto, ligg det ein del illustrasjonsbilete på DSB sin Flickr-konto som kan brukast.

For brannvesen som har bestilt inn kampanje-materiell er det skohorn/testhorn som kan delast ut på stand eller på heimebesøk, årskalender og røykvarslar som kan delast ut som premie.

Lykke til med røykvarslardagen!