11.12.2020

Åtvarar mot brannfarlege adventskransar

Brannvesenet åtvarar mot å bruke brennbare adventskransar kombinert med levande lys i forbindelse med juletida.

På internett, tv og i magasin florerer det av tips til korleis du kan lage din eigen adventskrans kombinert med levande lys. Slike kransar er ofte laga av ein miks av tørka blomar, kongler, kvistar og andre naturmateriale i kombinasjon med stearinlys.

Det er koseleg med levande lys i jula, men kransar laga av tørre naturmateriale tek fort fyr og brenn godt! Snur du ryggen til og er uoppmerksam ei lita stund, kan det fort oppstå brann. Kombiner difor ikkje brennbar pynt med levande lys.

Ynskjer du å ha slike adventskransar i heimen er batteridrivne lys eit godt alternativ til levande lys, med tanke på branntryggleiken.