11.12.2020

Kampanjemateriell til juletida

Jul og nyttår er høgtid for kos, god mat og levande lys. I ein av dei mest brannfarlege månadane i året er det greitt å minne innbyggjarane på å vere ekstra oppmerksame.

Åtvarar mot brannfarlege adventskransar
På internett, TV og i magasin florerer det av tips til korleis ein kan lage sine eigne adventskransar med levande lys. Ein vert oppfordra til å bruke ein miks av kongler, kvistar og andre naturmateriale, i kombinasjon med stearinlys. Norsk brannvernforening har gått ut i sine kanalar og åtvarar mot bruken av slike typar adventskransar. Det same har andre brannvesen gjort, blant anna Trøndelag brann- og redningstjeneste IKS som har lagt ut fleire innlegg på sosiale medier om temaet. For å hive oss med på dette og vise at brannvesenet er samla kring denne bodskapen, er det laga ein eigen nettartikkel for innbyggjarane, samt ein film som kan delast på Facebook.

I kampanjemappa ligg filmen «brannfarlege adventskransar», pluss ein film med generelle juleråd, som Bergen brannvesen brukte på Facebook i fjor. Begge filmane som ligg i denne mappa har logoen til Vest brann- og redningsregion i seg, og kan leggast ut på Facebook. Film kan også delast frå YouTube. I mappa ligg det også fleire illustrasjonsbilete som fritt kan brukast.

Mappe med kampanjemateriell

Nettsak om brannfarlege adventskransar

Nettsak med generelle tips for ei branntrygg jul