Bål

14.04.2023

Bålforbod kampanjemateriell

Det kan vere vanskeleg å formidle bålforbodet på ein enkel og god måte. Det aller viktigaste er at innbyggjarane veit at frå 15. april til 15. september er fara for å forårsake gras- og skogbrannar normalt større enn elles i året, og at det difor i denne perioden ikkje er lov å gjere opp bål ute i naturen. Ei fin oppmoding kan vere: Er du i tvil om det er trygt å gjere opp eld, er det betre å droppe det. 

I denne mappa ligg det materiell som kan brukast i forbindelse med bålforbodet. Filmen kan brukast i sosiale medier, og formatet passar godt både til Facebook og Instagram. Den kjem i både nynorsk og bokmål versjon, og har Vest brann- og redningsregion logoen i seg. I mappa ligg det også illustrasjonsfoto av bål som fritt kan brukast.

På sida for innbyggjarane er det publisert ein artikkel:
Hugs bålforbodet frå 15. april

Sikker hverdag har også ein artikkel om bålbrenning:
Dette må du vite før du tenner bål