Bål

12.04.2023

Hugs bålforbodet frå 15. april

Frå 15. april til 15. september er fara for å forårsake gras- og skogbrannar normalt større enn elles i året. Difor er det i denne perioden ikkje lov å gjere opp bål ute i naturen.

Frå 15. april til 15. september kan du framleis grille eller brenne hageavfall i din eigen hage. Det er lov å gjere opp eld der det openbart ikkje kan føre til brann, det vil seie at det ligg snø på bakken, eller at det har vore mykje nedbør over lang tid. Er du i tvil om det er trygt å gjere opp eld, er det betre å droppe det. All bålbrenning utførast på eige ansvar. 

Sjølv om det er bålforbod kan du grille på eigna stader, i for eksempel enkelte parkområde eller i strandkanten. Mange kommunar legg også til rette for bålbrenning ved å etablere godkjente grill- og bålplassar. Informasjon om kor desse er kan du finne på nettsida til din kommune.

Primus og kokeapparat
Du kan bruke primus og kokeapparat i perioden med bålforbod, men du er sjølv ansvarleg for å vere aktsom og vurdere når det er trygt.

Eingongsgrill og bålpanne
Ver svært varsam med bruk av eingongsgrill. Slike er ofte årsak til gras- og skogbrannar. Plasser aldri eingongsgrillar på brennbart underlag. Eingongsgrillar skal sløkkjast heilt med vatn og leggast i eigen metallbehaldar etter bruk. Ved bruk av bålpanner gjeld same reglar som ved brenning av hageavfall. Bruk kun tørr og rein ved, eller grillkol. 

Brenning av hageavfall
Det er lov å brenne hageavfall på eigen eigedom heile året, men kun små mengder tørt hageavfall, som kvistar, gras, gammalt løv og planterestar. Det er ikkje love å brenne søppel i nokon form, heller ikkje bygningsrestar, material eller trevirke som er behandla med maling, lakk, impregnering eller liknande. 

På skogbrannindeksen til Meteorologisk institutt kan du sjå om det er fare for skogbrann der du bur.

Bål og grilling av pølser