Hytte, blå himmel og snøkledde fjell

27.03.2023

Kampanjemateriell til påske

Påskeferien nærmar seg og her finn du materiell som ditt brannvesen kan bruke for å informere innbyggjarane om branntryggleik i påska.

I denne mappa ligg det kampanjemateriell for påske. Filmane er laga for sosiale medier, og formatet passar godt til både Facebook og Instagram. Begge filmane kjem i nynorsk og bokmål versjon, og har Vest brann- og redningsregion logoen i seg. Bodskapen i filmen er at næraste brannstasjon ofte er lenger unna når ein er på hytta – difor er tilgang til sløkkjeutstyr  og fungerande røykvarslar ekstra viktig.

På nettsida for innbyggjarane er det publisert ein artikkel:
Unngå hyttebrann i påska

Påskemateriell frå Bjørnis
Stiftelsen Brannbamsen Bjørnis har laga til digitalt materiell som kan brukast i påska. I denne mappa ligg det både bilder og tekstforslag til sosiale medier. Bildene lastar du ned i full størrelse ved å klikke på lenka under kvart bilde.  Bilda kan sjølvsagt brukast fritt utan tilhøyrande tekst, og tekst kan også justerast om det er ynskjeleg.

Bjørnis påskemateriell

God påske!