11.06.2020
Branntrygg i båt
Overnattar du i båten anbefalast gassvarslar, CO-varslar og røykvarslar. Propanlekkasje, kullosforgifting og brann er reelle farar i båt.
- Monter både røykvarslar og gassvarslar i båten og sjekk at dei verkar. Kullosgassen er luktfri og vanskeleg å oppdage.
- Ha minst eitt 2-kilos brannsløkkingsapparat lett tilgjengeleg i båten
- Ha alltid flyteutstyr tilgjengeleg og klart til bruk dersom du må forlate båten
- Fortøy båten i god avstand til andre båtar slik at den lett kan løysast ut om ein brann skulle oppstå
- Gassanlegg og koke- og varmeapparat må installerast, kontrollerast og reparerast av fagfolk. Ver oppmerksam på gasslekkasjar. Stopp motoren straks du merkar lekkasje.
- Sjekk det elektriske anlegget og elektriske apparat. Pass særleg på at leidningar ikkje er skada.
- Eldsfarlege væsker må oppbevarast i godkjente kanner og sikrast mot slingring
- Søl ikkje med drivstoff eller olje. Stopp motoren, sløkk sigarettar og open flamme før påfylling av bensin eller olje.
- Bruk ikkje choke i utide
- Steng alle utløp for bensin, gass eller olje når turen er avslutta