Bål

15.06.2020

Bålbrenning på Sankthans

Det er tillate å tenne opp sankthansbål så lenge det er i god avstand til bygningar, skogområde, vegetasjon og anna brennbart materiale. Her er brannvesenet sine tips for forsvarleg bålbrenning.

I Bergen, Samnanger, Osterøy og Vaksdal treng ein ikkje å søkje brannvesenet om lov til å brenne bål på Sankthans. Sjekk kva reglar som gjeld i din kommune. Bålbrenning skjer på eige ansvar.

Slik gjer du:

  • Bålet skal byggast av reine treprodukt. Impregnerte materiale gjev frå seg giftige gassar ved brann. Det same gjeld skumgummimadrass, gamle sofaer, bildekk og liknande.
  • Bålet bør ikkje byggast for stort. Kast heller på meir ved etter kvart.
  • Ikkje bruk bensin eller liknande til opptenning
  • Er bålet høgt, bør det setjast fyr på midten. På den måten unngår du for store flammar og sterk varmeutvikling.
  • Ansvarleg vaksen skal sørgje for at bålet vert haldt under kontroll
  • Sørg for at born held god avstand til bålet. Kle dei i naturstoff som bomull og ull. Kunststoff er lett antennelege og kan smelte under sterk varme.
  • Ta omsyn til naboar. Røyken verker irriterande på slimhinner i auge og luftvegar, og representerer eit helse- og trivselsmessig problem for dei som vert eksponert.
  • Ansvarleg vaksen skal sørgje for at bålet sløkkjast forsvarleg med rikelege mengder vatn. Finnast det ikkje vatn på staden, må dette takast med.
  • I tørkeperiodar og ved sterk vind vil eit generelt forbod vurderast. Den ansvarlege pliktar å undersøkje dette før opptenning.
  • Ikkje gjer opp eld på svaberg eller bart fjell då dette gjev varige skader på berget
  • Dersom du ikkje eig grunnen sjølv, hugs å få løyve frå grunneigar til å brenne bål.