28.06.2021
Branntrygg i båt
Sidan dei fleste skal tilbringe ferien i Norge i år igjen, er det venta høgt aktivitetsnivå på sjøen i sommar. Høgt aktivitetsnivå aukar risikoen for ulykker, brannar, kollisjonar og havari. Tenk på branntryggleiken og sørg for at du har røykvarslar på plass, redningsvest til alle, og at du har sjekka gass- og det elektriske anlegget før du legg frå kai.
- Monter både røykvarslar og gassvarslar i båten og sjekk at dei verkar. Kullosgassen er luktfri og vanskeleg å oppdage.
- Ha minst eitt 2-kilos brannsløkkingsapparat lett tilgjengeleg i båten
- Ha alltid flyteutstyr tilgjengeleg og klart til bruk dersom du må forlate båten
- Fortøy båten i god avstand til andre båtar slik at den lett kan løysast ut om ein brann skulle oppstå
- Gassanlegg og koke- og varmeapparat må installerast, kontrollerast og reparerast av fagfolk. Ver oppmerksam på gasslekkasjar. Stopp motoren straks du merkar lekkasje.
- Sjekk det elektriske anlegget og elektriske apparat. Pass særleg på at leidningar ikkje er skada.
- Eldsfarlege væsker må oppbevarast i godkjente kanner og sikrast mot slingring
- Søl ikkje med drivstoff eller olje. Stopp motoren, sløkk sigarettar og open flamme før påfylling av bensin eller olje.
- Bruk ikkje choke i utide
- Steng alle utløp for bensin, gass eller olje når turen er avslutta