24.08.2020

Branntryggleik i utleigebustad

Tenk også på branntryggleiken når du skal leige bustad!

Røykvarslar
Når du får tidleg varsel om at ein brann er under utvikling, har du moglegheit til å kome deg ut i tide, eventuelt sløkkje eit branntilløp. Alle bustadar skal ha minst éin fungerande røykvarslar eller brannalarmanlegg i kvar etasje, som skal dekkje kjøkken, stove og sone utanfor soverom. Alarmen skal kunne høyrast tydeleg på opphaldsrom og soverom når dørene mellom romma er lukka. Desse må gjerne vere seriekopla slik at dei varslar samtidig. Røykvarslaren bør monterast i taket. Test røykvarslaren jamleg og kvar gong du har vore vekke over lengre tid. Batteriet skal bytast minst éin gong i året med mindre batteriet har lengre levetid. Bytt gjerne batteri på Røykvarslardagen 1. desember.

Sløkkjeutstyr
Det skal vere enkel tilgang til sløkkjeutstyr for alle bebuarar. Det kan enten vere ein husbrannslange, eit pulverapparat eller eit skumapparat. Sløkkjeutstyret skal monterast lett tilgjengeleg og kontrollerast jamleg.

Éin av to bustadbrannar startar på komfyren
Ein brann på komfyren, spesielt om natta, vil kunne få alvorlege konsekvensar. Hald alltid auge med komfyren når den er i bruk. Ikkje bruk komfyren når du kjem seint heim frå byen og er trøtt eller rusa.

Rømmingsvegar
Ved brann er det viktig at alle som oppheld seg i bustaden raskt kan kome ut. Hald rømmingsvegane ryddige, spesielt i blokker med mange bebuarar i kvar oppgang. Ikkje bruk rømmingsvegen som lagerplass. Plasser heller ikkje syklar eller liknande i rømmingsvegen. Gjer deg kjend med rømmingsvegane i bustaden. Test ut eventuelle utvendige brannstigar på førehand slik at du veit korleis dei fungerer.

HUSEIGAR SITT ANSVAR

  • Sørgje for at det er tilstrekkeleg med røykvarslarar i bustaden (minst éin i kvar etasje)
  • Utstyre bustaden med tilstrekkeleg brannsløkkjeutstyr
  • Kontrollere og vedlikehalde brannvarslings- og sløkkjeutstyr
  • Sørgje for at bustaden har tilstrekkeleg med rømmingsvegar

DITT ANSVAR SOM LEIGETAKAR

  • Opptre aktsamt slik at du ikkje set andre sitt liv eller eigendom i fare
  • Melde frå til huseigar dersom det manglar sløkkjeutstyr, brannvarsling eller rømmingsvegar
  • Ikkje kople ut brannvarslingsanlegg eller fjerne batteri frå røykvarslarar
  • Halde rømmingsvegane frie for rot, boss og andre gjenstandar

Brannførebyggjande råd

  • Hald auge med komfyren når den er i bruk og hugs å slå den av etterpå
  • Lag aldri mat på komfyren når du kjem seint heim frå byen. Kjøp heller mat ute eller ta deg ei brødskive
  • Lad pc, mobil og nettbrett når du er vaken og til stades
  • Ikkje belast stikkontaktar eller skøyteleidningar med for mange elektriske produkt
  • Bruk ikkje oppvaskmaskin, vaskemaskin eller tørketrommel når du søv eller er vekke frå bustaden
  • Ikkje tømm askebeger i bosset og røyk aldri på senga
  • Aldri gå frå eit rom med tente stearinlys
  • Kast gammalt elektrisk utstyr
  • Meld frå til eigar dersom sikringar går ofte, eller dersom gamle skrusikringar vert veldig varme
  • Ikkje tørk klede på omnen