Evalueringsrapporten etter ferjebrannen i Kvinnherad er klar

I etterkant av brannen i MF Ytterøyningen har Atle Josdal, brannsjef i Kvinnherad, utarbeidd ein evaluerinsrapport i samarbeid med Vest brann- og redningsregion og Bergen brannvesen. Denne rapporten er i dag sendt til DSB og alle kommunane i VBR.

Foto: Kvinnherad brann og redning. 

Etter hendinga 10. oktober er det no sett i gong ulike tiltak for å heve kunnskapsnivået til brannvesena i Vest brann- og redningsregion, på utfordringane med denne typen batteriinnstallasjonar. Som eit strakstiltak vert det utarbeidd forslag til nye rutiner for innsatsar som involverer batteri.

Hendingar som denne viser kor viktig det er med evaluering i etterkant og erfaringsdeling.

Her kan du laste ned evalueringsrapporten.