Vinterferien nærmar seg og mange skal til fjells. Hugs at brannsikkerheita er like viktig på hytta som heime!

Det første du bør gjere når du kjem fram til hytta er å sjekke at røykvarslaren fungerer og at sløkkeutstyret er i orden. Hugs å ta med deg nye røykvarslarbatteri heimafrå. Ein kan òg skaffe seg reiserøykvarslar.

Røykvarslar og sløkkeutstyr
Det er same krav til brannsikkerheit i hytter som i vanlege bustader, det vil seie at hytta skal ha både røykvarslar og brannsløkkingsutstyr. Det skal vere brannalarmanlegg eller røykvarslarar i alle bustader, hytter og fritidseigedomar. Det skal vere minst éin røykvarslar i kvar etasje og den skal høyrast på alle soverom, kjøkken og opphaldsrom, også når dørene er lukka. Pass på at røykvarslaren er riktig montert i taket.

Kontroller at sløkkemiddel som brannslange eller brannsløkkingsapparat er lett tilgjengeleg. Sjekk trykkmålaren og snu brannsløkkingsapparatet opp ned eit par gongar i året, om du har pulverapparat. Sløkkeapparat må kontrollerast jamleg.

Rømmingsveg
Pass på at alle opphaldsrom har uhindra rømming til det fri. På vinterstid med mykje snø er det difor viktig å passe på at ein ikkje berre grev seg inn til hytta, men også sørgjer for å grave rømmingsvegar ut.

Fyr trygt
Fyr med passe mengder tørr ved og god trekk. Ikkje bruk brennbare væsker til opptenning. Ikkje sett asken rett utanfor hytteveggen. Kjøl den ned i ei brannsikker bøtte med lokk, og plasser på ei fast plate eller steinhelle, i god avstand frå hytta.

Obligatorisk feiing
Alle hytteskorsteinar skal etter ny forskrift om brannførebygging også feiast. Kommunen avgjer når og kor ofte. Hytteeigar har meldeplikt til det lokale brannvesenet vedrørande tilstand på skorstein og fyringsanlegg, samt om det har blitt installert ny eldstad.

Om du oppdagar skorsteinsbrann, steng straks alle omnsventilar og luker som fører til skorsteinen. Ver spesielt merksam på peisspjeld, og eventuell røykutvikling ved etasjeskiller og andre stader der treverk og anna brennbart materiale kjem inn til skorsteinen.

Levande lys
Forlat aldri eit rom med levande lys og pass på at du ikkje sovnar frå det. Bruk berre brannsikre lysestakar som tåler at lyset brenn ned utan at dette får konsekvensar. Levande lys må ikkje kome i nærleiken av ting som kan brenne, så ver difor spesielt merksam på avstand til gardiner og andre tekstilar om du lufter gjennom vindauge.

Klede til tørk
Dekk ikkje til varmekjelder og ikkje tørk klede rett på omn eller peis. Pass på at klede som henger til tørk i nærleiken av varmekjelder ikkje kan gli ned eller blir hengande for tett innpå varmekjelda.

Propan
Lekkasje i propanutstyr og slangar kan føre til brann- og eksplosjonsfare. Sjekk difor jamleg propanutstyr, slangar og koblingar. Ein god metode er å bruke såpevatn for å søkje etter lekkasjar. Koble gjerne frå slangen til gassbehaldaren om natta og når du forlèt hytta. Om du kjenner gasslukt må du ikkje tenne eller slå på noko som kan utløyse gnistar. Luft først godt ut og finn så eventuelle lekkasjar.

Brannvesenets tips for en branntrygg hytteferie

  • Sjekk at batteriet i røykvarslaren fungerer. Ha med deg eit reservebatteri og gjerne ein reiserøykvarslar.
  • Sjekk at pila på brannsløkkingsapparatet peikar på grønt felt. Har du pulverapparat bør du snu apparatet opp ned eit par gongar i året.
  • Pass på at alle opphaldsrom har uhindra rømming til det fri.
  • Vær varsom ved bruk av gass. Sjekk slangar og koblingar på propananlegget.
  • Ikkje dekk til varmekjelder. Ikkje tørk klede rett på omn eller peis.
  • Sett aska i god avstand frå hytteveggen. Kjøl den ned i ein brannsikker beholdar med metallokk, plassert på fast plate eller steinhelle.
  • Forlat aldri eit rom med levande lys og bruk berre brannsikre lysestakar.