Vinterferien nærmar seg og mange skal til fjells. Brannsikkerheita er like viktig på hytta som heime. Difor gjev vi veke 8 og 9 innbyggjarane brannførebyggjande råd knytta til vinterferien.

Brannvesenets tips for en branntrygg hytteferie

  • Sjekk at batteriet i røykvarslaren fungerer. Ha med deg eit reservebatteri og gjerne ein reiserøykvarslar.
  • Sjekk at pila på brannsløkkingsapparatet peikar på grønt felt. Har du pulverapparat bør du snu apparatet opp ned eit par gongar i året.
  • Pass på at alle opphaldsrom har uhindra rømming til det fri.
  • Vær varsom ved bruk av gass. Sjekk slangar og koblingar på propananlegget.
  • Ikkje dekk til varmekjelder. Ikkje tørk klede rett på omn eller peis.
  • Sett oska i god avstand frå hytteveggen. Kjøl den ned i ein brannsikker behaldar med metallokk, plassert på fast plate eller steinhelle.
  • Forlat aldri eit rom med levande lys og bruk berre brannsikre lysestakar.

Her er tips til aktuelle saker som kan delast i sosiale medier:

Ha ein branntrygg vinterferie

Sikker hverdag – Vedlikehold gassutstyret på hytta

På sosiale medier kan de også dele «brannvesenets hyttetips», som de finn i faktaboksen til høgre.