27.06.2023
Hugs røykvarslar og sløkkjeutstyr på ferie
Hugs røykvarslar og sløkkjeutstyr både på hytta, i båten, bubilen og i campingvogna i sommar. Sjekk at røykvarslaren verkar og ta gjerne med eit nytt batteri eller ein reiserøykvarslar.
Sjekk også at sløkkjeutstyret ditt fungerer og at det er lett tilgjengeleg. Det kan vere lurt å montere gassvarslar og CO-varslar, om du har aggregat eller varmeapparat på diesel. Kullosgassen er luktfri og vanskeleg å oppdage.
På campingplassen
Gjer deg kjent med tryggleiksreglane når du kjem til ein ny campingplass. Sjekk kor brannsløkkingsutstyret er. Plasser bubil, campingvogn eller telt i god avstand frå naboane dine. Ved behov for oppvarming, bruk berre godkjente omnar spesielt for camping. Open flamme må berre brukast ute i friluft. Ynskjer du å grille, sjekk om campingplassen har eigne plassar for dette.
Bruk av gass
Sørg alltid for å kontrollere at gassutstyr i båt, campingvogn og bubil er montert slik at det ikkje vert skada eller losnar. Sørg for at gassapparatet og behaldaren er i god stand. Sjekk jamleg slangar og koplingar for lekkasjar ved å pensle på konsentrert såpevatn. Når du opnar for gassen vil det danne seg såpebobler der lekkasjen er. Ikkje prøv å reparere skadar på gassbehaldaren sjølv. Det er propanforhandlarar som skal kontrollere og eventuelt vedlikehalde gassapparat og gassanlegg. Ver forsiktig med bruk av open eld i nærleiken av gassutstyr.
Branntryggleik i båt
Fortøy i god avstand til andre båtar, slik at det er mogleg å sleppe ut om ein brann skulle oppstå. Elektriske anlegg, koke- og varmeapparat må installerast og reparerast av fagfolk. Stopp motoren og unngå røyking når du fyller bensin eller olje på båten.
Grillvettreglane
All grilling skal skje utandørs. Grillen skal stå trygt og stødig med god avstand til brennbart materiale. Hald auge med grillen så lenge den er varm, og la aldri born og kjæledyr vere åleine i nærleiken av ein tent grill. For mykje alkohol og grilling høyrer ikkje saman. Ha førstehjelpsutstyr for behandling av brannskadar tilgjengeleg. Oske frå grillen må tømmast i eigna behaldar med lokk.