Hytte på fjellet

25.06.2020

Hugs røykvarslar på hytta i sommar

Er du ein av mange nordmenn som skal tilbringe sommaren på hytta? Det er like viktig å ivareta branntryggleiken der som heime. Altfor mange hytter i Norge har ikkje fungerande røykvarslar. Sørg for at du har røykvarslar på plass og at den fungerer. Den reddar liv!

Hugseliste for brannsjekk på hytta:

  • Sjekk røykvarslarane kvar gong hytta vert teken i bruk
  • Ha alltid med ekstra batteri
  • Gå aldri frå levande lys
  • Ikkje bruk peis/omn som tørkestativ
  • Kast askeavfall og grillkol på ein forsvarleg måte
  • Ikkje gå frå hytta med elektriske apparat i bruk
  • Ver ekstra varsam når du brukar gass
  • Sjekk utstyr og gasslangar jamleg
  • Sørg for tilgang til sløkkjeutstyr
  • Bruk godkjente fagfolk til utbetringar av elektrisk anlegg