11.01.2020
Inviterer til webinar om kriser og langvarige arbeidsbelastningar
Fagutvalg for brann- og redningsberedskap i Vest brann- og redningsregion inviterer til webinar tirsdag 26. januar. Temaet er kriser og langvarige arbeidsbelastningar – reaksjonar og behov for ivaretaking.
Forelesar Heidi Wittrup Djup, psykologspesialist og dagleg leiar ved Klinikk for krisepsykologi, vil gå gjennom desse emna:
- Reaksjonar på akutt og langvarig belastning
- Kva slags sider ved arbeidet gjer oss sårbare?
- Betydninga av uformell og organisert kollegastøtte, samt god personalomsorg og støtte frå leiinga
- Eigenomsorg og sjølvhjelpsmetodar
Det vert lagt opp til økter på 45 minutt med 15 minuttars pause, samt ein lunsjpause på tre kvarter. Webinaret er for alle yrkesgrupper i Vest brann- og redningsregion.
Dato: 26.1.2021
Tid: kl. 09.00 – 15:30
Meld deg på webinaret her, med påmeldingsnøkkel VBR2021.