27.03.2023
Kampanjemateriell til påske
Påskeferien nærmar seg og her finn du materiell som ditt brannvesen kan bruke for å informere innbyggjarane om branntryggleik i påska.
I denne mappa ligg det kampanjemateriell for påske. Filmane er laga for sosiale medier, og formatet passar godt til både Facebook og Instagram. Begge filmane kjem i nynorsk og bokmål versjon, og har Vest brann- og redningsregion logoen i seg. Bodskapen i filmen er at næraste brannstasjon ofte er lenger unna når ein er på hytta – difor er tilgang til sløkkjeutstyr og fungerande røykvarslar ekstra viktig.
På nettsida for innbyggjarane er det publisert ein artikkel:
Unngå hyttebrann i påska
Påskemateriell frå Bjørnis
Stiftelsen Brannbamsen Bjørnis har laga til digitalt materiell som kan brukast i påska. I denne mappa ligg det både bilder og tekstforslag til sosiale medier. Bildene lastar du ned i full størrelse ved å klikke på lenka under kvart bilde. Bilda kan sjølvsagt brukast fritt utan tilhøyrande tekst, og tekst kan også justerast om det er ynskjeleg.
God påske!